toppmeny

Triostafetten_rekruttane_1

Triostafetten 2016

Il-trio inviterar til Triostafetten laurdag 3. September.

Fint om dei som har lyst å vera med tar kontak på tlf :92 44 19 15 snarast, så skal vi setja i saman nokre supre lag. Hiv deg med, ikkje vent 🙂

Her ser de invitasjonen og klassane:

Invitasjon til Triostafetten 2016

Klikk på bilete for full storleik
Laurdag 3.september arrangerast den årvisse Triostafetten på Husnes stadion. Her er invitasjon med informasjon om påmelding.
Oppmøte ved Triohuset. Vi ser helst at de melder dykk på nokre dagar før stafetten. Dersom det ikkje går kan ein melde seg på mellom 13-13.30 på løpsdagen.
  – Start rekruttklasser kl. 14.00
  – Start gutar/jenter ca. kl. 14.30
Vi har gjort ein ny vri med aldersinndeling etappar for å prøve på gjere det enklare å stille lag.
Rekrutt : Jenter/gutar 6-10 år 4×60 m stafett
Etappar: jenter /gutar 10-16 år
1. etappe 500m 10-13 år
2. etappe 650m 14-16 år
3. etappe 900m 14-16 år
4. etappe 600m 14-16 år
5. etappe 300m 10-13 år
6. etappe 200m 10-13 år
Yngre løparar enn kan springe etappar for eldre årsklassar, men ikkje omvendt.
Damer:
4 etappar:  900m  –  600m  –  500m  – 400m
Menn:
6 etappar:  1800m – 900m – 1800m – 600m – 500m – 400m
Jenter/gutar kan delta i seniorklassen.
Startavgift
400 kr per lag. Rekruttlag: 100 kr. per lag
Startavgifta blir fakturert idrettslaga.
Medaljar til alle born og fine pokalar til vinnarlaga i ungdom/senior!

 

Nettside fra Fjellvann