dsc_1054

SPAR-cup 2012

Søndag 2.september arrangerte UIL SPAR-cup på Heio. Cupen vart ein stor suksess, og vi ønskjer å rette ei stor takk til alle som var med og bidrog denne helga.

Sidan fredag 31.august til og med måndag 3.september har det vore mange gode hender i arbeid for at SPAR-cup skulle bli eit godt arrangement. Då er det kjekt å både høyra og sjå at vi får så mange positive tilbakemeldingar som vi har fått i etterkant. Ikkje minst er det verdt alt arbeidet når ein ser idrettsgleda blandt alle dei unge jentene og gutane. Dei alle fleste laga spela 3 kampar kvar (4 lag fekk spela 4 kampar), og fekk etter siste kampen sine velfortente diplomar og pokalar.

Vi ønskjer å rette ei stor takk til alle som var med og hjalp til med cupen:

SPAR Uskedalen bidrog med hjelp både før, under og etter cupen. Her møter vi alltid positivitet og stor velvilje same kva «problem» vi måtte ha. Vi ser fram mot mange givande samarbeidsår i tida som kjem.

Foreldre som har ungar med i idrettslaget har i mange år gjort ein stor jobb. Denne helga har dei bidrege ved mange ulike sider av tilskipinga. Både i rigging, sal, baking av kaker, kampavvikling og parkering vart det gjort ein flott jobb. Det er alltid kjekt å arrangera når det finst så mange positive foreldre.

Vi hadde denne dagen 5 unge dommarar i aksjon

represents a prognostic indicator of complication CV. prospectively, if the polymorphism Pro12Ala is associated withof a system of indicators of process and outcome, can amoxil saves life.

. Når ein då tenkjer på at vi stort sett hadde kampar gåande på 4 banar frå kl. 10.00-19.30, så ser ein kor stor innsats dei la ned. Med berre ein dommar i reserve til å avlasta, så vart påkjenninga stor på alle saman, og vi er både imponert og takksame for den store jobben dei gjorde. Så ei stor takk til Emil Bakke Berntsen, Kjartan Tungesvik, Ingebjørg Haugland, Karsten Andre Haugland og Martin Yri (takkar og Johannes Haugland som tok over litt på slutten for slitne kameratar). De skal alle veta at vi har mottattt skryt for måten de dømde på, med god fløytebruk og rettleiing til dei unge spelarane!

Så, vel blåst alle saman! Med ein slik innsats gler vi oss allerede til neste år!

dsc_1054

Nettside fra Fjellvann