sam_0299

SPAR-cup

Søndag 2.september kl. 10.00 er det klart for årets Spar-cup på Heio. Om det blir som tidlegare år vil det vera omkring 350 spelarar i alderen 6-10 år frå Kvinnherad og Odda i aksjon denne dagen.

Heio er i strålande forfatning etter at Steinar Haugland syt for det naudsynte stellet av banen. Det går difor mot ein strålande forballdag på Heio denne søndagen, om berre vergudane er med oss. Nytt av året er at Odda er invitert med 10-års laga sine, både jenter og gutar. I tillegg vil som vanleg alle dei andre laga frå kommunen vår vera representert. Vi er det einaste laget i kommunen som inviterer 10-åringane saman med dei yngre årsklassane, og det vil difor kanskje vera så mange som 50 lag i aksjon på Heio denne dagen.

Kampane vil starta kl. 10.00 og halda på til mellom 17.00-18.00. Vi er mange frivillige som gjer ein stor dugnadsinnsats denne dagen, og vi gler oss alle saman. Turngruppa vil stå for sal av pølser, brus, kaffi, kaker m.m. Skigruppa vil ha ansvaret for trafikkavviklinga og parkering, medan fotballgruppa har ansvaret for rigging av telt, merking av banar og avvikling av kampane.

Som tidlegare år er Spar Uskedalen ein viktig bidragsytar i samband med cupen, og vi set veldig stor pris på støtta og hjelpa vi får frå dei.

Vi ønskjer alle spelarar, lagleiarar, foreldre og andre velkomne til årets Spar-cup!

sam_0299

Nettside fra Fjellvann