bildermobilaug12587

Gutar 10 år på Husnes-cup

Uskedalen G10 deltok i helga på Husnes-cup, og gjorde ein flott insats.

I helga vart den årlege Husnes-cup arrangert, og frå Uskedalen deltok gutar 10 år. Vi spela tre kampar lørdag og to kampar søndag. Dei enda med tre seirar og to knepne tap. Vi hadde eit par kjekke dagar der vi fekk spela 3 av kampane mot lag som vi normalt ikkje spelar mot. Gutane viste at dei klarar seg godt mot kva lag det måtte vera, og at dei er i rute til Spar-cup som vert arrangert på Heio søndag 2.september. På biletet står vi klare til å motta velfortente pokalar og diplomar.

Dette var gutane som deltok: Marius Hauso, Fredrik Haugland, Kristian Hansen, Sander Simensen, Viljar S. Tveit, Sondre Klyve og Martin H. Arnesen.

bildermobilaug12587

Nettside fra Fjellvann