dsc_0657

Sommaravslutning på Heio

I morgon kveld, måndag 18.juni, kl. 18.30 vert det sommaravslutning på Heio for alle dei aldersbestemte fotball-laga våre.

Vi kjem til å arrangera ei lita avslutning for alle dei unge lovande fotballspelarane våre på Heio, i morgon kveld kl. 18.30. Vi kjem til å kjøpa inn brus og pølser som spelarane skal få. I tillegg kjem vi til å ta nokre lagbilete med dei nye draktene våre, så om det er nokon som har drakter heima så ta desse med. Nokre av laga kjem til å trena litt før avslutninga medan andre berre kjem for å kosa seg. Vi håpar at alle har mulighet til å ta ein liten tur til Heio denne kvelden.

Mvh Fotballgruppa

Nettside fra Fjellvann