dsc_0711

Fotballen rullar vidare

Dei to siste dagane har nesten alle dei aldersbestemte laga våre vore i aksjon, og dei bit godt frå seg i cupane rundt om.

I går, søndag, var minilaga i aksjon i Rosendal. Jenter og gutar i årsklassen 2004 og 2005, gutar 2003 og jenter 2002 spela tre kampar kvar. Alle spelarane viste framifrå innsats, og fekk kjenna både på seier og tap.

I kveld, måndag, var gutar 2002 til Odda for å spela dei siste kampane for vårsesongen. Dei vann begge kampane sine mot Røldal og Halsnøy.

No nærmar det seg sommarferie for laga våre. Etter treningane måndag 18.juni vil det difor bli servert pølser og brus på Heio, som ei avslutning på vårsesongen. Håpar alle spelarane og lagleiarane har mulighet til å ta turen. Avslutninga vil gå føre seg frå kl. 18.30 og utover.

dsc_0711

Nettside fra Fjellvann