img_4610

Jentecup i Rosendal

Laurdag 12.mai stilte UIL med to jentelag på ein rein jentecup i Rosendal. Det var jenter 2002 og jenter 2004/2005.

Som eit forsøk arrangerte Rosendal Turnlag ein rein jentecup laurdag 12.mai. Dette er nytt av året, og eit forsøk på å setja meir fokus på jentefotballen. På denne måten håpar ein at jentene skal halda på med fotball øve litt lengre tid, og at fleire jenter vil delta på dei ulike laga vi har.

Frå UIL hadde vi to lag med, jenter 2002 og 2004/2005. Begge laga klarte seg veldig bra.

Jenter 2002 stilte med 7 spelarar denne dagen: Silje Soldal, Hanna Tvilde, Andrea Hjelmeland, Veslemøy Haugland, Thea S. Taranger, Anne-Helen Rød og Ida Marie K. Eidsvik. Laget gjorde ein flott innsats med to sigrar og eitt tap: Uskedal – Halsnøy 4-1, Uskedal – Trio 3-5 og Uskedal – Rosendal 6-0.

Jenter 2004/2005 stilte og med 7 spelarar: Anna Elisabet S. Eik, Ruth Maria Myklebust, Åsne H. Arnesen, Celine Musland, Saule Zaimaitaityte, Emma M. Ripel og Maia Bolette Pile. Også dette laget vann to kampar og tapte ein: Uskedal – Rosendal1 6-2, Uskedal – Herøysund 1-2 og Uskedal – Rosendal2 8-0.

img_4610

Nettside fra Fjellvann