dsc_0543

Trening på Heio!

 No er grasbana opna for trening! Ved hjelp av Byggeriet og Endre Myklebust fekk vi i dag opp måla, så no er det klart for grastreningar- og kampar.

Frå og med i dag vert det opna for trening for alle laga våre på Heio. Vi har no fått opp ein del småmål slik at det no er muligheter for 4 banar. Det er fleire dagar vi er fleire lag som trenar samstundes, så dette var nødvendig for at vi kunne starta opp på grasbanen.

Med ny banemeister på plass, så ser vi fram til ein lang og god sesong på den flotte grasmatta vår.

Vil og gje ei stor takk til Byggeriet og Endre Myyklebust som stilte opp for å transportera dei små måla frå grusbanen til Heio på kort varsel.

dsc_0543

Nettside fra Fjellvann