toppmeny

16002815_10158208587085128_5602001342315125713_n

Telenorrennet 2017

Førstkomande onsdag 29/3 arrangerer Uskedal idrettslag årets Telenorrenn. Då vert det stor ståhei i Fjellhaugen med yrande liv, spenning og akkurat passe med mjelkesyre. Først vert det Prolog som alle går, den tel i Kvinnheradkarusellen. Deretter blir det heat for dei som er 11 år og oppover, der dei beste i kvart heat går vidare til finalar. I finalane deltar både gamle og unge i samen. Uretferdig? Nei. Her har skigruppa ein superhemmeleg formel som gjer at dei raskaste i prologen får tillegstid  ifm starten.

Vi håpar MANGEN tar turen opp til fjellhaugen og er med, også dei som heiar.

NB! Det ver fine premiar til alle som er med

Barnerennet startar klokka 17.30 og sprintkonkurransen for unge og vaksne startar kl. 18.00.

Vi ynskjer alle velkomen til Fjellhaugen på onsdag!

 

Du finn påmeldingslinken HER.

 

, , ,

Nettside fra Fjellvann