toppmeny

19

SPAR-løpet 2017

Førstkommande laurdag 13. Mai vert SPAR-løpet arrangert for 4.de år på rad.

SPAR-løpet har blitt meir og meir populært, og i fjor samla løpet heile 181 deltakarar.

Løpet har forskjellige løpslengder etter kva aldersklasse ein er i, og alt foregår i sentrumsområde med start og målgang på Sandakaien.

Det er ikkje uten grunn at løpet blir kalla SPAR-løpet. Den lokale SPAR-butikken med alle dei blide og kjekke tilsette stiller nemlig med forundringspremiar til alle som er med, noko som både arrangør og deltakarar synest er veldig kjekt å spennande.

Det blir i tillegg premiering til born 0-9 år. Alle frå 10 år er automatisk med i terrengløpskarusellen og samlar poeng i alle løpa som dei deltar i ut frå plassering og premiert ut frå det. Og så blir det karusellpremie til alle som har delteke på 3 eller 4 av dei fire løpa som er med.

Arrangørstaben er som vanlig topp motiverte og vil gjera sitt for at alle får ei god oppleving.

Kl 13.00 startar det heile, så då må du vere klar .

Meir informasjon om løpet og karusellen finn du HER. Der melder du deg også på ved å trykke på det aktuelle løpet (raude teksten).

Hjarteleg velkommen til ALLE
20150425_14555720150425_14474011-kopi20150425_1305538

, , ,

Nettside fra Fjellvann