toppmeny

Alle vel i mål under SPAR-løpet

Arrangørane av SPAR-løpet var litt spente på korleis deltakelsen under SPAR-løpet ville bli i år med tanke på samanfallande aktivitetar og litt redusert forhåndspåmelding. Heldigvis var det ingen grunn til å bekymra seg då det stilte heile 147 på startstreken, noke vi er veldig glade for. Kring 70 av desse var frå Uskedalen, og det må vi vera stolte av.  Dette var rett nok ein nedgang i forhold til ifjor då det var over 180 med.

I tillegg til premieringa av born frå 0-9 år, stilte Spar også i år med flotte premiar til alle deltakarar.  Dei som er over 9 år er alle med i Kvinnheradkarusellen, der det vil bli premiering etter at karusellen er over, truleg under aktivitetsdagen 10 Juni. Dette kjem vi tilbake til.

Sjølv om det var litt kaldt å stå i ro, var alikavel vergudane snille med oss i forhold til tidligare år. Arrangementet gjekk fint, og var overstått på litt over ein time.

Uskedal Idrettslag ynskjer å retta ein STOR TAKK til Spar-Uskedal som sponsar løpet med premiar, samt støttar idrettslaget på så mange måtar, også ellers i året.

Vi vil også retta ein STOR TAKK til alle som hjalp til før,under og etter løpet, og naturligvis alle som var med å deltok slik at det blei eit løp

Neste løp vil bli Kvinnheradmeisterskapet i terrengløp, som vil gå på Husnes 24. mai, så heng med.

HER finn de resultata frå dagens event.

Litt tilbakeglimt frå løpet nedanfor.
img_0911 img_0909 img_0908 img_0905 img_0904 img_0903 img_0901 img_0900 img_0898 img_0890
img_1035 img_1033 img_1032 img_1031 img_1030 img_1029 img_1028 img_1027 img_1026 img_1025 img_1023 img_1022 img_1021 img_1017 img_1012 img_1011 img_1008 img_1006 img_1003 img_1001 img_0998 img_0995 img_0992 img_0990 img_0983 img_0981 img_0976 img_0974 img_0973 img_0972 img_0969 img_0967 img_0966 img_0965 img_0963 img_0962 img_0961 img_0960 img_0959 img_0958 img_0955 img_0954 img_0952 img_0951 img_0950 img_0949 img_0948 img_0945 img_0944 img_0943 img_0942 img_0941 img_0939 img_0938 img_0935 img_0931 img_0930 img_0928 img_0927 img_0923 img_0922 img_0918 img_0917 img_0916img_0915 img_0912img_1041a

Nettside fra Fjellvann