IMG_1198

Premieutdeling med ny vri

Årets premieutdeling etter skikarusellen var i år lagt til hallen i Uskedalen, og det var Omvikedal IL som stod for arrangementet. Nytt av året var at dei la det opp som ein kombinasjon med felles treningssamling for alle ski-laga i kommunen og premieutdeling, noko som blei tatt vel i mot.

Første del av programmet var styrketrening og stafett inne i hallen. Deretter var det servering av hot-dog og utdeling av diplom til dei som hadde delteke i OIL sin skileik. Samlinga vart så avslutta med premiering etter eit poengsystem som også skikretsen nyttar.
For å få karusellen teljande må ein ha delteke i minst 3 renn, noko som 49 personar hadde gjort. 16 av desse var Uskedelingar, derav ni 1.plassar, tre 2. plassar og to 3. plassar.

Sidan ski-gruppa også står bak friidretts-gruppa, nytta vi heilt på tampen, anledningen til å dela ut friidrettens sølvnål til ein overraska 10-åring, Amund Hella Berge-Soldal, sjå eige innlegg. 

Meir om skikarusellen og resultater finn ein på idrettslaget si heimeside under fana ski/terminliste og rennresultat.

Nettside fra Fjellvann