IMG_0627

Heidra med sølvnål

I forbindelse med Premieutdelinga etter skikarusellen for 2017, nytta ski og friidrettsgruppa anledningen til og heidra ein av våres eigne utøvarar som har gjort det særs godt i friidrett.
11.august deltok Amund Hella Berge-Soldal som er 10. år på Stordleikane der han sprang 600m, noko han gjorde på tida 1:55,29. Med dette resultatet oppnådde han heile 914 poeng (av 1000 etter Tyrvingtabellen), som er å rekna som eit svært godt resultat !

Ikkje berre spring han fort, men han hoppar også langt. 25. juni deltok han på Ulvikaleikane der han hoppa 3,41 m. Dette gav han til heile 852 poeng etter Tyrvingtabellen.

Uskedal IL ynskjer han lykke til vidare.

, , ,

Nettside fra Fjellvann