toppmeny

IMG_0100

Er du klar for det første karusellrennet ?

Søndag 14. januar trommar Uskedal IL i saman til årets første skirenn i Kvinnheradkarusellen i 2018.

Skirennet vert i klassisk stilart, løypelengdene blir som før og arena for rennet vert Fjellhaugen skisenter.

Vi set stor pris på at du melder deg/dine på i forkant, noke som gjer det litt greiare for oss og arrangera rennet.

For å melda deg/dine på, går du inn HER.

Du finn invitasjon til rennet HER. og resultata vil bli lagt ut HER. ( der kan du også sjå kva tid dei andre renna skal gå).

Det vert premiar til dei som deltek i barnerennet. Alle andre må venta til hausten då det vert premiering ift Kvinnheradkarusellen.

Uskedal-IL ynskjer dåke hjarteleg velkomne og lykke til på skirennet.

, , , , ,

Nettside fra Fjellvann