234

Snart klart for Telenorrennet

Torsdag 22. februar går Telenorrennet av stabelen. Rennet er eit sprint renn ( 830 meter ) som går i fristil. Det heile startar med at alle går ein Prolog, som er teljande i skikarusellen. Deretter vert det heat og finalar for dei over 10 år. Heata vert sett opp i forhold til aldersklassar og prologtider (ein hemmeleg formel som gjer at alle i utgangspunktet skal stilla likt). 

Utøvarar 10 år og yngre går altså kun prologen.

Telenorrennet er eit sponsa renn, så her vert det premiering til ALLE, med årets Telenorkarusell premie.

Det er ynskeleg at flest mulig melder seg på i forkant, noko som er til stor hjelp for oss som arrangør ( det er betre å melda på og ikkje stilla, enn melda på rett førrennet startar ).

Dei som skal gå barnerenn, melder seg på i Fjellhaugen i forkant av rennet.

Ein melder seg på ved å gå inn på «Terminlister og rennresultat» under ski og klikkar på rennet

Innbyding med informasjon om Telenorrennet finn de HER…..

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til eit fartsfylt og spennande skirenn 🙂

 

, , , ,

Nettside fra Fjellvann