20180222_180251

Brrrrrr det var kaldt….

Så var årets Telenor-renn vel  i havn. Rennet gjekk greitt, og var over på ein og ein halv time. Lenger en det kunne vi ikkje dra det, for det var bitande kalt denne kvelden. Henrik Bauge var nok også kald og ville heim, for han sette ny løyperekord på tida 1 minutt og 57 sekund. Også vår egen Stig Berge-Soldal viste at det går an og gå raskt på ski. Han var kun 7 sekund bak Henrik Bauge, og gjorde såleis eit godt løp.

Blandt damene var det Silje Soldal som var raskast av damene/jentene. Silje tok runden på berre 02:26, berre 1 sekund framfor Kari Bråtun.

Etter prologen vart alle sett inn i heat, og dei raskaste gjekk vidare til ein finale. Her vart det til slutt Ternen jenta Maria Eikemo Ersland på 11 år som vant i dame/jente klassen. I herre/gute klassen var det Tobias Berge-Soldal 13 år som stakk av med førsteplassen.

66 løparar stilte til start i konkuranseklassen, samme antal som i fjor. 

I barnerennet stilte kun 8 stk, eit tal vi gjerne skulle sett var høgare.

Resultat frå kveldens renn finn de HER……..

 

Finalevinnarane

Klare på start

, , , , ,

Nettside fra Fjellvann