20180313_193937

Siste karusellrenn for sesongen

Plutseleg var skikarusellen over for denne gong. Skirenn med skibytte også kalla duatlon/skiatlon stod på agenda denne kvelden, og mønstra 47 personar, 14 av desse frå Uskedalen.

I og med at det var kaldt, såg det ikkje ut til at nokon hadde problem med skismørninga, eller andre ting. Litt klur kan det jo alltids vera når ein skal skifta ski og stavar når ein har høg puls.

Det var ikkje barnerenn denne kvelden.

Rosendal TL med fleire nye kostar gjorde ein flott jobb med aviklinga av rennet, som følte oppsett plan.

Med hensyn til skikarusellen og korleis det har gått, samt premieutdeling for karusellen, så vil vi komma tilbake med meir info om dette seinare.

Nokre har fleire renn dei fremdeles skal vera med på, så med tanke på skitrening, så anbefalar vi å følja med på «Skigruppa» då info blir lagt ut der.

Det kan også nemnast at vi nærmar oss tida for terrengløp, triostafett mm, så vi oppmodar alle våre spreke medlemmar til å vera med der også.

Resultatlister for kveldens renn finn de som vanlig HER…..

Fotografen har dårlig kamera, så kvaliteten på bilda er så som så.

, , , , ,

Nettside fra Fjellvann