IMG_0998

SPAR-løpet ein sommardag i mai

I strålandes sommarver gjekk SPAR-løpet av stabelen, i år for 5 gong. 65 personar stilte til start, eit noko lavare anntal en forventa, men med fotballcup på Halsnøy, Rosendal fest og eit særdeles nydeleg ver, var det kanskje ikkje anna å venta.

Løpet vart gjennomført med 7 heat, som gjekk i nokolunde dei samme løypene som tidlegare med unntak av at antalet løyper var redusert i forhold til tidlegare år, så nokon fekk litt lengre løyper å springe, og andre litt kortare. Løpet vart gjennomført i løpet av kring 40 minuttar, og ut i frå ansiktsutrykka såg det ut for at dei fleste koste seg.

SPAR Stilte også i år med premie til alle, og det smakte nok ekstra godt med både brus og is i varmen, i tilleg til ein forundringspose.

Uskedal IL ynskjer å retta ein STOR takk til SPAR butikken vår som år etter år stiller med premiar og ein plass og avvikla løpet 🙂

Vi vil også takka alle medhjelparane, som vi er så avhengige av for å gjennomføra løpet 🙂

Ski og friidrettsgruppa ynskjer alle ein fortsatt god sommar 🙂

Resultat frå løpet finn du HER…..

, , ,

Nettside fra Fjellvann