rhdr

Vellukka trenings samling med påfølgjande premieutdeling.

Søndag 11. november arrangerte skigruppa til treningssamling for alle skiinteresserte i Kommunen med påfølgjande premieutdeling for skikarusellen forrige vinter. Tross mange regnvåte dagar, opna himmelen denne dagen seg opp og gjorde utedelen av treningssamlinga til ein god opplevelse for dei vel 30 som hadde meldt seg på.

Dagen starta med ei rulleski økt ute for alle. Det vart delt opp i to grupper, der dei yngste holdt seg i område rundt skulen med ballanseøvingar og leikar og dei eldste hadde teknikktrening med filming av stilen, hurtighet rundt dalen (på tid) samt litt intervalltrening i Eikevegen.
Deretter vart det lunch servert i foaje’en ein times tid.
Etter lunch fekk dei eldste sjå filminga av stilen sin, og alle fekk tilbakemelding frå Pål Haugland på ting som var bra, og kva som det kunne trenast på litt meir. Etter mange gode tilbakemeldingar gjekk dei eldste inn i hallen der dei minste allerede hadde starta på inneøkta med styrketrening.
Dagen vart så avslutta med premieutdeling etter skikarusellen som var sist sesong.

Skigruppa ynskjer å takka alle som på ein eller anna måte var med og hjalp til med samlinga.

 

Her litt bilder frå dagen: 

, , , ,

Nettside fra Fjellvann