Delegasjonen frå Uskedalen

Kari Bråtun Kretsmester i fristil

Laurdag 9. februar var ein liten gjeng frå Uskedal på kretsmeisterskap på Drevtjørn i Ulvik.
Rennet gjekk i fristil i eit veldig trivelig langrennsanlegg, med flinke og drevne arrangørar. Med sol og stråland ver skulle dette bli nok ein god dag der Kvinnheringane skulle markera seg godt på resultatlistene i forbindelse med kretsrenn og KM.
Sjølv med nokre fall, så gjorde alle Kvinnheradløparane gode løp, og den som toppa det heile var Kari Bråtun som gjekk hen og vart Kretsmeister. Kari låg hakk i hel på Siri T. Martinsen frå Fana IL den første km, men drog deretter sakte frå utover løpet, og kom i mål 9 sekundar før Fanaløparen.

Utanom dei 5 som stilte frå Uskedal, var det i tillegg sju andre frå Omvikdalen IL. Ikkje den heilt store gruppa frå Kvinnherad, men ein gjeng som visar godt igjenn på resultatlistene.
Trenar Pål var med og fulgte opp utøvarane. Han var storvegs fornøgd med prestasjonane til alle utøvarane som han har brukt mykje av fritida si på. Og ekstra kjekt er det nok når dei stadig gjer framskritt.

Vi gratulerar Kari som Kretsmeister.

Pål og Amund 

Nettside fra Fjellvann