19

Terrengløp

Det er vår og nesten sommar fornemmelse. Skia er for dei fleste lagt på hylla, og løpsskoa er komt fram. Det vert også I år mulighet for alle som likar og vera med på terrengløp å få med seg nokre konkuransar.

Det er foreløbig sett opp tre løp I Kvinnherad, Baroniløpet, SPAR-løpet og Åkraløpet .

-Baroniløpet (avlsgården I Rosendal) er allerede førstkommande søndag 28 april kl 14.00, så her må ein hiva seg rundt og melda seg på snarast.
-Neste løp blir SPAR-løpet (Sandakaien I Uskedalen) som går av stabelen laurdag 25. mai kl 13.00
-Siste løpet er Åkraløpet (Åkra skule) som går av stabelen laurdag 8. juni kl 14.00, trimklassen startar kl 13.00.

For å springa, er det ikkje sett noke aldersgrense, så på terrengløp, kan alle vera med.

Påmelding, invitasjonar og resultater til dei einskilde løpa finn ein ved å gå inn ved å trykkja: HER.

VEL MØTT 🙂

, , , ,

Nettside fra Fjellvann