toppmeny

Lover for UIL

LOVER FOR USKEDAL IDROTTSLAG

(Lovene i PDF-format her)

Laget sitt namn er Uskedal Idrottslag, skipa 9.mai 1935, som ei særgrein av Uskedal Ungdomslag.

§ 1

Føremål: Laget har til føremål å fremja ein sunn idrott og eit godt kameratskap.

§ 2

Laget er tilslutta Norges Idrettsforbund gjennom Hordaland Idrottskrins, og dei særforbund som laget sine årsmøte gjer vedtak om å slutta.

§ 3

Medlemer: Ein kvar som rettar seg etter laget og overordna idrottsstyresmakter sine lovar og vedtekter kan takast opp som medlemmer. Ved innmelding gjev ein opp alder, tilskrift og yrke, og om søkjaren før har vore medlem av lag tilslutta Norges Idrettsforbund. Kvar innmelding skal straks førast inn i medlemsbok og styrebok. Ein søkjar kan ikkje takast opp som medlem dersom hans skyldnadar til eit anna lag ikkje er oppfylte. Kvar medlem skal retta seg etter Norges Idrettsforbund sine lovar og vedtekter.

§ 4

Medlemspengar: Medlemspengane vert å betala forskotsvis, og kor mykje kvar skal betala, fastset årsmøtet for kvart år. Medlemmer som er under 17 år betalar lågare medlemspengar. Årsmøtet fastset lågaste stemme- og valgbarhets-alder. Medlemmer under den fastsette stemme- og valgbarhets-alderen kan vera til stades på laget sine møter, så framt styret av særlege omsyn ikkje gjer vedtak om noko anna. Medlemmer som skuldar medlemspengar for meir enn eitt år misser rettane sine, og styret kan stryka dei or laget. Vert eit medlem stroke kan det ikkje verta medlem att før skuldige medlemspengar og andre skyldnadar er greidde. Styret har rett til å fråfalla heilt, eller setja ned, medlemspengane ved sjukdom, arbeidsløysa, militærtenesta eller av andre fullgode grunnar.

§ 5

Årsmøter: Årsmøtet vert halde kvart år i desember månad, og skal gjerast kjend minst 3 veker før ved oppslag. Formannen leiar årsmøtet.

Sakslista:

  1. Årsmelding.
  2. Ettersedd rekneskap.
  3. Innkomne framlegg.
  4. Val på formann, nestformann og dei andre i styret.
  5. Val av 2 ettersynsmenn med varamenn.
  6. Val av formann og skrivar for kvar einskild gruppe.
  7. Val av utsendingar til ting i dei idrottssamskipnadane laget er tilslutta, i samsvar med desse samskipnadane sine lover og vedtak.

 

Når eit val føregår enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår fleirtal (d.v.s. minst ei stemme meir enn halvparten av dei avgjevne stemmer), vert det føreteke bundne omval mellom dei 2 kandidatane som har fått flest røyster. Er det ved omval likheit i røystetal, vert valet avgjort ved loddtrekking.

Når fleire skal velgast ved ei avstemming, må alle, for å vera valde, ha meir enn halvparten av dei avgjevne røyster. Skulle ikkje eit stort nok antal kandidatar ha oppnådd dette i fyrste omgang, er dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene. Det vert så føreteke bunde omval mellom dei øvrige kandidatar, og etter denne røystinga er dei valde som har fått flest røyster. Er det ved omval røystelikheit, vert valet avgjort ved loddtrekking.

Årsmøtet gjer vedtak om å oppretta eller leggja ned grupper for dei einskilde idrettar. Årsmøtet er vedtaksført med dei antal røysteføre som møter. Alle val føregår skriftleg om det er meir enn eitt framlegg. Valbare er alle røysteføre medlemmar. Framlegg må vera sendt styret seinast 8 dagar før årsmøtet. I alle saker skal vedtaka, for å vera gyldige, vera teke med fleirtal av dei avgjevne stemmer, når ikkje anna er vedteke i lova. Dei vedtak som vert gjort må vera i samsvar med overordna idrottsorganisasjons lovar og vedtekter.

§ 6

Omframt årsmøte: Omframt årsmøte vert halde når styret gjev vedtak om det, eller når 1/3 av dei røysteføre medlemmene krev det. Det vert gjort kjend på same måte som vanleg årsmøte, og vert innkalla med minst 14 dagars varsel. Omframt årsmøte kan berre handsama den eller dei saker kravet om årsmøtet gjeld, og som er gjort kjend i innkallinga.

§ 7

Medlemsmøter: Medlemsmøter vert haldne når styret finn det turvande.

§ 8

Styret: Laget vert leia av styret på 5 medlemmer: Formann, varaformann, skrivar, kasserar og ein styremedlem, samt formenn i kvar av dei gruppene laget har oppretta. For å vera vedtaksført må eit fleirtal av arbeidsutvalet eller styret vera møtt fram.

§ 9

Styret sitt arbeid:

A: Formannen har den daglege leiinga av laget. Han skal tilvisa alle utbetalingar. Han leier styret sine drøftingar og laget sine møter, dersom ikkje anna er fastsett. Han skal passa på at val, tilskriftsendringar o.l. som har interesse for krins og forbund vert meldt. Formannen må saman med kasseraren og ettersynsmenn senda inn oppgåva over laget sine medlemmer innan 1.januar til overordna samskipnadar.

B: Varaformannen leier laget når formannen er fråverande.

C: Skrivaren må føra møtebok over alle styremøter, medlemsmøter og årsmøter. Han skal i samråd med formannen føra laget sitt brevbyte. Han skal og ha laget sitt arkiv.

D: Kasseraren ører laget sitt rekneskap og medlemsoppteikning. Laget sine midlar skal setjast inn i bank, eller anbringast på annan forsvarleg måte. Dei kan ikkje takast ut utan formannen eller kasseraren si underskrift. Styret fastset kor stor sum kasseraren til ei kvar tid kan ha i kassen.

E: Ettersynsmennene skal gå gjennom rekneskapen etter kvar større tilskiping, og minst ein gong om året.

F: Styret vel materialforvaltar og utarbeidar instruks for han.

§ 10

Gruppestyrer:

A: I kvart gruppestyre er 2 medlemmer, formann og skrivar valde på årsmøtet.

B: Gruppestyret er økonomisk lagt under lagsstyret, som fastset i kor stor utstrekning gruppestyret kan forplikta laget. Alle medlemmer betalar same årspengar til laget sin kasse.

C: Gruppestyret skal handsama alle faglege saker som gjeld idrotten innan gruppa. Dei skal gjera framlegg for lagsstyret om stmnor og stå for den tekniske tilstellinga. I idrottstekniske saker som berre vedkjem gruppa, handlar gruppa sjølvstendig. Gruppestyret skal syta for å få fram medlemmer til stemner og, om det er turvande, verka som uttaksnemnd og senda melding til lagsstyret. Det skal syta for at lover og disiplin vert halden, og melda brot til lagsstyret. Gruppestyret legg fram for årsmøtet melding om idrotten i gruppa, deltaking og plassering i stemner.

§ 11

Lovendringar: Endringar i lovene kan berre gjerast på venleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore oppført på sakslista, og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Paragraf 12 kan ikkje endrast.

§ 12

Oppløysing: Oppløysing av laget kan berre gjerast vedtak om på venleg årsmøte med 2/3 fleirtal, etter at framlegg om dette er sett opp på sakslista og gjort kjend for medlemmene minst 14 dagar før møtet. Vert det vedteke å oppløysa laget, må det haldast omframt årsmøte 1 månad seinare, og for at laget skal kunna oppløysast må vedtaket gjerast oppatt med 2/3 fleirtal. Samanslutnad med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslutnad og naudsynte lovendringar i samsvar med det, må gjerast i samsvar med kva lovene for laget seier om lovendringar. Vert laget oppløyst, tilfell laget sin eigedom Norges Idrettsforbund eller formål godkjend av Idrettsstyret.

Uskedalen den 21/2-1959

 

Edvin Kjærland                               Toralv Nerhus                      Bjørgulv Eik

-formann-                                    -varaformann-                   -styremedlem-

 

Harald Hjønnevåg                                      Gunnar Eik

-kassastyrar-                                            -skrivar-

Nettside fra Fjellvann