toppmeny

Turn og trim

Turngruppa består i dag av barnetrim, idrettsskule, step, aerobic, gymstick og dans.

Barnetrim er leik og bevegelse for dei minste borna, i alderen 3- 6 år. I trimmen er det songleikar, aktivitetsløype, bruk av ”fallskjerm”, trampoline, ribbevegg ol. For mange born er dette det fyrste møtet med ein organisert aktivitet utanom barnehagen. Ungane lærer å ta hensyn til kvarandre og dei blir utfordra både fysisk og mentalt

Barneidrettsskulen er eit allaktivitetstilbod til barn og unge i 1- 4 klasse. Aktivitetane er av ein slik karakter at dei skal passe for alle. Hovedvekta har dei siste åra vore fordelt på fotball, hallidrett og klatring. Ein har og hatt sykkelrebus, og Tussatur (refleksløype) fast kvart år.

Dans er for jenter i alderen 10-12 år.

Step er ei uthaldenheitstrening, som bidreg til ma. forbetra gange, balanse og styrka musklar.

Aerobic tar sikte på å forbetre uthaldenheit og gir styrke- og koordineringstrening. Felles for Step og Aerobic er at det er morosamt og passer for dei fleste. Ein finn deltakarar i alle aldrar.

Gymstick er i hovudsak styrketrening til musikk. Treninga er oppdelt i oppvarming, styrke og uttøying. Den har fokus på kjernemuskulatur og balanse.

Nettside fra Fjellvann