toppmeny

Ski

Vi er ei aktiv langrennsgruppe som har utøvarar på alle nivå. På alder kjennar vi heller ingen avgrensing. Om du er 10 eller 90 år spelar inga trille, så lenge du kjennar det trykkjar i tåballen når snøføyka spelar opp til dans utanfor vindauga.

Trenar gjer vi heile året. Når ein høyrar at haustregnet  vil verta snø, ja då kjørar vi opp i Fjellhaugen Skisenter og har fellesøktar kvar tysdag og torsdag fram til siste karusellrenn er avvikla, om lag midt i mars.

April. Bjørkefinken syng så fint at sjølv gyngehestar byrjar ride. Dagane vert lengre og det er på sin plass med basistrening/ grunntrening etter at kroppen er broten ned etter ein lang konkurransesesong. Vi møtar på Haugland kvar tysdag og tek ei roleg langkjøring i fjellet ein kvann plassen.

August. Ferien er ferdig. Ein har på kjensla at både naboen og konkurrenten har trena det dobbelte. Ein kjørar på med to fellesøktar. Nei tre. Kun ryggen skal verta synleg til vinteren. Roleg langkjøring/ testløp tysdagane, rulleski onsdagane og intervalltrening torsdagane. I tillegg startar vi opp med sirkeltrening/ styrketrening, kombinert med spensttrening utandørs, i aktivitetshallen kvar måndag i september/ oktober fram til langrennstilhøva er stabile.

Her er det altså plass til alle, uansett ambisjonsnivå. Nokon vil kanskje berre halde seg i fysisk form, andre fullføra karusellen eller kanskje Birkebeinarrennet er det store målet? Jamvel har vi og utøvarar på nasjonalt nivå.

God trening!!!

 

Nettside fra Fjellvann