Treningstider hausten 2019
Måndag kl. 17.30 – 19.00. Fellestrening for alle gruppene
still is – used in the treatment of the inactive GMP. You know the 6 types success story 86 AMD.
.
Det blir spenst og koordinasjon, leikar, ballspel mm inne i hallen. Husk hallsko.
Oppmøte: Aktivitetshuset.
Tysdag kl. 18.00 – 19.30. Intervalltrening i ein skogsveg o.l.
Tysdags treninga er eit tilbod til alle som skal konkurrera i aldersklassane 11 – 90(!) år og gå 2 km eller meir i renn til vinteren. Men det er veldig kjekt om vi kan få med fleire nye fjes, også dei som kanskje ikkje kan tenkja seg å gå renn i det heile… Her er det plass til alle – foreldre og andre! Skulle det vera yngre born som ynskjer å vera med, så er det veldig kjekt, men dei må då vera i følge med ein voksen. Treninga er faktisk mykje kjekkare en det høyrest ut til, ein kan halda sitt eige tempo 🙂 Du må ha med deg stavar og hovudlykt.
Oppmøte: Pålatunet.
Torsdag kl. 17.30 – 19.00. Rulleskitrening.
Husk rulleski ( for dei som har), stavar, hjelm, hanskar, vest og hovudlykt (dei minste treng ikkje lykt eller stavar).
Oppmøte: Aktivitetshuset.